Dette må være en het kandidat til årets bokmelding. Fox News anmelder den amerikanske utgaven av L’insurrection qui vient (”Den kommende oppstanden”) skrevet av det anonyme kollektivet Le comité invisible (Den usynlige komitéen).
Boken anbefales på det sterkeste, og nå er den altså kommet på engelsk. Mer informasjon om boken og de såkalte “Tarnac 9″ som ble arrestert bl.a. på bakgrunn av angivelig tilknytning til Le comité invisible finner man her.

One Comment
Tarnac saka er veldig viktig ettersom det er eit eksempel på den nye overvakingsstaten til Sarkozy.
Ein vanleg taktikk er sjølvsagt å blåse opp mindre forhold til ‘terrorisme’. Dette kollektivet av unge radikale skal angiveleg skal ha gjennomført sabotasje av kraftlinjene til TGV-toga ved å kortslutte ledningane med jernstenger. Kva basis overvakingspolitiet (Renseignements Généraux)kan ha for å kome med desse skuldingane er uvisse, men terrorisme?? Ingen liv kom til skade eller var i fare. (jf. oppslag i NY Times om denne saka i si tid http://www.nytimes.com/2008/12/04/world/europe/04iht-trains.4.18410484.html?_r=1)
Tarnac-kollektivet og spesielt Julien Coupat er også klaga for å utgjere ‘Den usynlege komitéen’ som har skrive ‘Den komande oppstanden’. I utgangspunktet er dette tvilsamt, men er snarare eit forsøk på å lesse skulding på skulding i ei sak som har få haldepunkt. Sjølv forlaget, La fabrique éditions, veit ikkje kven ‘Den usynlege komitéen’ består av.
Boka går inn i ein lang europeisk tradisjon av revolusjonær litteratur som vurdere kva som må gjerast i dagens situasjon og korleis ein kan gjere opprør. Dette omfattar både motstand og direkte kamp mot stat og kapitalmakt. Grunnlaget for eit nytt samfunn må vere små sjølvstyrte kommunar og hovudslagordet deira er “all makt til kommunane!” Kommunane må kunne forsvare seg mot staten og mobilisere breitt for å undergrave statsmakta.
Så langt ikkje noko eigentleg nytt for den revolusjonære venstresida, men det nye er truleg at det er eit oppdatert kampskrift for vår tid og at dei viser til korleis ein kan yte motstand på nye måtar. Sabotasje av TGV er nemnt eksplisitt.