Comments on: Hvem er redd for biologi? (Del 2)

By: Roar H
Enig med Jan O at Eia er berre ute etter å stille kritiske spørsmål til sosiologane og ikkje til dei andre. Eg kjenner ikkje Plomin si forsking, men det ville vere interessant å gå den nærmare i saumane.

Konklusjonane hans strir med ein del lese- og skriveforsking som psykologar også driv med. Denne er samanfatta i boka ‘Proust and the Squid’ av Maryanne Wolf. Det ho drar fram er at barn i ‘ordfattige’ miljø har ein veldig ulempe når dei skal starte å lese og skrive. Det er ikkje berre snakk om ein kopiering av foreldre som Hernes og Pedersen sa i programmet, men å høyre ord sagt. Det å lese og synge for barn frå dei er heilt små og å engasjere dei i verda rundt seg verkar sterkt inn. Det kan utviklast kumulative skilnader i leseferdigheter mellom barn opp gjennom skulen i høve til ‘heimemiljøet’. Det handlar rett og slett om kultivering av hjernen.

At heimemiljøet ikkje skulle ha nokon verknad høyrest såleis ganske rart ut, men det underminerer ikkje at det er arvemessige skilnader. Men det er neppe ein ‘intelligensklasse’ som reproduserer seg genetisk for eit viktig prinsipp i evolusjonsteorien er at overføring av genetisk arv mellom generasjonane er ei kjelde til variasjon. Gener gjer ikkje barn like, men ulike. Ein av dei genetiske variantane som oppstår er at ein ikkje klarar å lære å lese og skrive, noko som også er eit av Wolfs tema.

Dessutan føreset IQ-testing at dei som blir IQ-testa er omtrent like godt vande med å løyse problem. For kva er IQ-testar? Det er oppgåveløysing. Mange undersøkingar har vist at IQ kan auke etter at ein får trent seg litt.

Eit interessant tema i forlenginga av ‘hjernekultiveringstesen’ er at ei gruppe svarte aktivistar i Harlem har i fleire år drive eit prosjekt for å få svarte foreldre til å lese for barna sine kvar kveld, følgje dei opp på skulen osb. Resultata er så langt veldig gode og er eit brot med den breiare miljøtenkinga som dei støtta seg til tidlegare. Denne gjekk på at om ein fekk jobb til alle foreldra, så ville framtida til dei svarte barna bli bra.