Etter hjernevaskemaskinen

Måndagen gav oss det siste programmet i serien ‘Hjernevask’ og denne episoden skulle oppsummere det meste. Også denne gongen var det spesielt kjønnsforskarane som fekk gjennomgå. Nok ein gong klarte spesielt Bolsø og Lorentzen å framstå utan evne til å ha to tankar i hovudet samtidig. Bolsø fordi ho var såpass provosert av Eias utspørjing at ho hadde vorte rasande og Lorentzen fordi han var så skråsikker. Alt dette var sjølvsagt godt hjelpt av NRKs redigering, men Lorentzens kronikk i Aftenposten etter programmet bidrog ikkje heilt til å gjenopprette biletet.

Tittelen på programmet var ‘Født sånn er blitt sånn’ som også er tittelen på boka frå serien. Rosinen i pølsa var Viktor som tidlegare heitte Viktoria og hadde vorte fødd med usikkert kjønn, såkalla intersex, i 1986. Han/ho hadde vorte operert tidlegare og vorte vedtatt å bli til kvinne og dette var med grunnlag i ein teori om at kjønnsidentiteten festar seg i laupet av dei første to åra. Denne tåredryppande historien som er eit spørsmål om medisinsk feilbehandling, blir då brukt for alt det er verdt i forhold til kjønnsforskarane som aldri har vore inne i biletet. Fordi dei har eit avvikande syn, så blir dei den store stygge ulven som er moralsk ansvarlege for denne behandlinga. Merkverdig og fullstendig villeiande.

Ein kan berømme Diseth for å ha sett foten ned og forandra opplegget, men kvifor alt hastverket med å dra fram skalpellen? Han viste til foreldras eksistensielle krise med å få eit barn utan klart kjønn, men hastar det? Dette poenget var også drege fram i ein artikkel av Elsa Almås med fleire i Dagbladet. Det første spørsmålet ein får når ein har fått eit barn er jo nettopp: blei det gut eller jente? Det blir krise i samfunnet sine todelte kategoriar når det er verken eller. Poenget til Eia og co er: Det kan berre vere to kjønn og du blir fødd sånn. Men det finst samfunn som Mexico, Brasil, India og Indonesia der eit tredje kjønn absolutt er ein akseptabel kategori. Det er såleis ikkje umogleg i eit samfunn å akseptere det. Dette hindrar sjølvsagt ikkje at kroppane til dei av tredje kjønn biologisk sett er mannlege eller kvinnlege vurdert ut frå X og Y kromosom, hormonproduksjon osb.

Harald Eia og Martin Ihle har i ein kronikk i Dagbladet før programmet ein påstand om at “den tilsynelatende fornuftige mellomposisjonen i arv/miljø-debatten gjør oss intellektuelt dovne og fører galt avsted”. Dette er ein interessant påstand for dersom vi tek ein tilstand som intersex, så er det nettopp eit resultat av miljøet i mors liv. Intersex er truleg arveleg, men eit individ er alltid eit resultat av interaksjonen mellom gener og miljø. Eit barns tilkomst og utvikling både i mors liv og etterpå er prega av historiske prosessar der tilfeldige hendingar kan spele inn. Dette gjer f.eks. at einegga tvillingar ikkje har like fingeravtrykk og det kan av og til vere ganske ulik kroppsvekt ved fødselen. Den store norske Mor og Barn undersøkinga har nettopp som poeng at ein skal kunne finne moglege langtids-effektar av hendingar i svangerskapet. Det er  fullstendig elementær biologi at fenotype (alle observerbare trekk ved ein organisme) er eit resultat av interaksjon mellom genar (genotype) og miljø. Kven er det som er mest intellektuelt doven her?

Men det er sjølvsagt ikkje biologi Eias serie handlar om. Heller ikkje handlar den om psykologi eller psykiatri som er dei vitskapane han reellt sett nyttar seg av. Den handlar om å ta knekken på den ideologien som velferdsstaten byggjer på og som i stor grad kjem frå samfunnsvitskapane. 1968-generasjonen er dei som inkarnerer denne ideologien og dei er forferdeleg irriterande og sjølvgode for alle som er yngre. Kjønnsforskinga er hatobjekt nummer ein, fordi den er så angiveleg politisk. No er det meste av samfunnsforsking politisk styrt ved at den er programforsking. Klagen om politikk blir litt merkeleg når ein lar Simon Le Vay peike på at biologisk forsking om det finst ein homsehjerne eller eit homsegen kan styrke homsanes plass i det amerikanske samfunnet. Eit politisk motiv ikkje ulikt det som i si tid dreiv fram feminismen? Javisst!All forsking er orientert av ein interesse og i eit samfunn vil den ofte vere politisk motivert også.

Eia og co’s motiv er berre tilsynelatande å endre forskingspolitikken, men kva vil dei med desse programma? Det er tydeleg at dei vil problematisere velferdsstaten og likestillingspolitikkens grenser, men basert på ein biologisk orientert politikk? Dette er uklart, men det kan kanskje bli tydelegare i tida som kjem.

One thought on “Etter hjernevaskemaskinen

  1. Pingback: Etter hjernevaskemaskinen – arbeidermakt