Harald Eia og rasers intelligens

Som Jan O skriv i sitt blogginnlegg for to dagar sidan, så er Eia ute i farleg farvatn i programmet om IQ og rase. Boka til Herrstein og Murray med tittelen ‘The Bell Curve’ er den mest kontroversielle boka som har kome ut innan psykologi i nyare tid og mange har brukt mykje tid på å gå inn i datamaterialet for å kikke dei nærare i korta. At Eia let Murray framstå som ein koseleg eldre herre som berre ynskte mest mogleg diversitet er heilt utruleg. At han ikkje gjekk inn på noko av kritikken er tilsvarande utruleg. Richard Nisbet som Eia intervjua, har vore svært kritisk til The Bell Curve, så Eia hadde sjansen til å få med eit meir kritisk syn.

Fetisjeringa av IQ som det som skil dei verdige i forhold til dei uverdige er sentralt i denne tenkinga og Richard Plomin er ein av desse. Det har vorte fremja mykje kritikk av begrepa som ligg under IQ av f.eks. folk som Stephen Jay Gould og Richard Lewinton.

The Pioneer Fund som finansierte mykje av forskinga som Herrstein og Murray bygde på, er ein guffen greie og folk kan sjå ein litt polert utgåve her http://www.pioneerfund.org/ Ein tilsvarande organisasjon med vekt på eugenikk finst i Storbritannia og heiter The Galton Institute. Dei har ganske lite pengar, men gjev litt støtte til enkelte konferansar slik at dei får namnet sitt fram. Dei har også ein årleg Darwin-lecture. Her er web-sida deira: http://www.galtoninstitute.org.uk/

Ein merkeleg ting med all denne forskinga på rase i USA er at rase blir definert som ytre hovudfasong og hudfarge . Kva med alle med blanding? Dei utgjer store delar av dei som blir kalla svarte i USA. Ut frå amerikansk tenking er dei svarte’ etter den gamle regelen om ‘one drop of blood’. Men ein kan like gjerne bruke andre skiljemerke som f.eks. blodtypar eller gruppe-genetiske markørar som haplogrupper osb. (Dette er eit hot tema i India der forskarar forsøker å bevise/motbevise at det skjedde ei innvandring av ariske folk for fire tusen år sidan).

Ein annan ting som det blir hinta til er at skilnaden mellom svarte og kvite i IQ i USA må vere at dei svarte anten heng etter genetisk eller det kan vere miljø. Men mest blir det hella mot gener. Den ‘kvite mann’ blir uansett målestokken sjølv om ‘dei gule’ er litt kjappare i hovudet enn oss. Ingen stiller problemet at det kan vere at svarte er meir intelligente enn kvite, men vedvarande diskriminering, dårlegare skular og dårlegare livsvilkår elles har gjort at dei i gjennomsnitt er mindre skuleflinke. IQ-testar er viktige i amerikansk skulesystem, ved opptak til college og på arbeidsmarknaden, så dette kan vere ein forklaring. Vi kan ikkje utelukke denne hypotesen (sjølv om kven som er kvit og svart er problematisk). Samtidig er det lite snakk om IQ-skilnader mellom menn og kvinner! Kanskje kvinner er meir intelligente enn menn? Dette er det heller ikkje noko snakk om hjå Eia.

Noko anna som det stadig blir referert til er arveandel/arvelighet. Dette er eigentleg eit statistisk mål som på norsk har vorte heitande ‘heritabilitet’. Det er er eit anslag av kor stor del av utviklinga av ein gjennomsnitts-organisme som kan forklarast genetisk. At IQ for kvite i USA har ein heritabilitet på 60% betyr då at i forholdet mellom gener og miljø, så forklarer arv 60% og miljø 40%. Problemet med heritabilitetsanslag for menneske er at dei er truleg altfor høge. Dei er, til dømes, høgare enn for husdyroppdrett der alle forhold kan kontrollerast.

Men kva betyr heritabilitet for samanlikninga mellom grupper? Kanskje ingenting. Biologen Richard Lewontin har skildra følgjande eksempel for å anskueleggjere dette: Ta ein pose med frø og plant halvparten av kvar pose ganske nær kvarandre, men den eine i god jord og den andre i skrinn jord. Heritabiliteten for kvar gruppe sett isolert blir då 100% fordi miljøet innan gruppa er likt. Plantene i den gode jorda blir høgare og sterkare enn dei i den skrinne, men miljøet deira er tatt isolert likt. Samanliknar vi derimot mellom dei to gruppene av planter, så utgjer miljøskilnaden (god vs skrinn jord) heile forskjellen. Dermed må miljø forklare 100%. Denne analogien kan dragast til forholdet mellom svarte og kvite i USA. Problemet for Lewontin er at heritabilitet ikkje er eit godt mål sidan det ikkje gjev årsaksforhold som kan hjelpe oss å løyse dei problema vi står overfor.

4 Comments

  1. Bjørn L
    Posted 14/04/2010 at 16:05 | Permalink

    Heh. Du tror virkelig de som driver med forskning på dette området er ganske stokk dumme, siden de ikke har tatt opp de problemstillingene du nevner?

    I essens: De som forsker på psykometri forstår de problemstillingene/mulige forklaringene du kommer med. Det ER dog mulig å finne ut heritabiliteten med en grei grad av sikkerhet – bla. via tvillingstudier.

    Forøvrig finner jeg det fascinerende at det skal være så merkelig at IQ er svært arvelig. Hadde den ikke vært det ville neppe menneskearten blitt så intelligente som vi har blitt. Det _må_ være arvelig for at man i det hele tatt skal nå dit vi har gjort. Vi er smartere enn sauer – fordi intelligens, som det meste annet av egenskaper, _er_ arvelig. At befolkningsgrupper som i relativt stor grad har vært isolerte over mange tusen år, med varierende grad av press på IQ for å få avkom, har endt opp med forskjellig gjennomsnitts-IQ er mer selvsagt enn det er overraskende.

    Hvilke konsekvenser dette får/ikke får er HELT irrelevant for forskningen i seg selv. Og det er vel det som går igjen i mye av kritikken mot psykometri – “uff, det har så kjipe konsekvenser, så de som forsker på dette må være rasister/være teite!!”. I essens en varierende grad av “appeal to consequences” – som kjent en “fallacy” (”tankefeil” på norsk, sukk).

  2. RoarH
    Posted 14/04/2010 at 18:55 | Permalink

    Dei som driv forsking på dette feltet er ikkje stokk dumme, men ein god del av dei har ein klar agenda i å overdrive IQ. Sjølv enkelte åtferdsgenetikarar ser at dette er tilfelle, slik som Michael Rutter i ‘Genes and Behavior’(Blackwell, 2006). Han kjem stadig tilbake til dette temaet også i forhold til Pioneer Fund og dei folka som er finansiert av dei.

    Intelligens er heilt sikkert delvis arveleg. Det trur eg neppe det kan vere spørsmål om, men kva inneber denne kunnskapen? Eit anna spørsmål er om IQ er eit godt mål på intelligens.

    Psykometrikarane er nok klar over dei problema som dei står overfor, men det er naturleg at det er tvil om kva ein eigentleg måler. Tvillingmetoden har den føresetnaden at einegga og toegga tvillingar har same oppvekstmiljø, men dette er ein føresetnad som har vorte trekt i tvil både innan åtferdsgenetikk og utanfor. Dette grunna i at dei blir behandla ulikt, fordi dei er så like og søte i same klær og heng saman alltid, osv. Arvelighet blir dermed overdrive. Det er også få som direkte har sjekka denne tesen om likt miljø før sosiologen Allan Horwitz og kolleger fann at det var på tide (jf. Allan V. Horwitz, Tami M. Videon, Mark F. Schmitz, Diane Davis
    Source: Journal of Health and Social Behavior, Vol. 44, No. 2 (Jun., 2003), pp. 111-129).

    Dei fann nettopp det som alle visste på førehand, nemleg at tesen om likt miljø ikkje stemmer. Psykometrikarar har alt forsøkt å kompensere for dette i modellane sine utan at eg har fått sett meg inn i korleis det fungerer.

  3. Bjørn L
    Posted 14/04/2010 at 21:18 | Permalink

    Klar agenda i å overdrive? Det kan hende noen har det, men det er ganske mange som har forsket på dette med IQ og arvelighet. Det er ikke bare et par stykker. Konsensus er at det er svært så arvelig.

    Det du skriver med “Tvillingmetoden har den føresetnaden at einegga og toegga tvillingar har same oppvekstmiljø, men dette er ein føresetnad som har vorte trekt i tvil både innan åtferdsgenetikk og utanfor.” er feil. Alt avhengig av studien så kan en ofte ønske at miljøet de eneggede tvillingene vokser opp i er HELT forskjellig.

    At det er noe sånn voldsomt press innenfor dette fagfeltet for å vise at IQ er svært arvelig, er heller lite trolig. Det høres mer konspiratorisk ut enn noe annet, og innen et fagfelt hvor ting i større grad er målbart/testbart enn noe annet innen psykologi, for ikke å snakke om sosiologi, så er det lite trolig slett arbeide vil bli påpekt av andre innenfor feltet.

    Hvorvidt IQ er noen superbra mål på “intelligens” er nesten uvesentlig nå da vi VET det måler “noe” når det kommer til folks evne til å forstå ting og å tilegne seg kunnskap. Er det et perfekt mål? Sikkert ikke.

    Dog, diskusjonen bærer preg av ønsketenkning: Det passer deg dårlig at intelligens er svært arvelig pga konsekvensene det har. Jeg skulle også _ønske_ at IQ var likt over hele verden, helst også nesten innad i befolkningsgrupper – men forskningen viser rimelig klart at det ikke er tilfellet. Det suger med tanke på fremtiden til hele kloden vår, men det er, men veldig, veldig stor sannsynlighet, tilfellet.

  4. RoarH
    Posted 15/04/2010 at 10:26 | Permalink

    Du blandar mellom den vanlege tvillingmetoden og undersøkingar av ‘tvillingar oppdradd separat’. Det er også ein god del å seie om det siste metoden, mellom anna at forholda ikkje har vore så ulike, det har ikkje vore så lite kontakt og adopterte tvillingar har (som andre adopterte barn) høgare IQ på grunn av at dei er adopterte inn i ressurssterke familiar.

    Problemet er ikkje ønsketenking. Det finst ein fordeling av intelligens om ein ynskjer det eller ikkje. Det er ein viktig arvekomponent, definitivt.

    Når Herrstein og Murray si bok er såpass kontroversiell, så har det ikkje berre med kva politiske og sosiale konsekvensar dei trekk av analysene sine – for det gjer dei også – men også med måten dei byggjer opp analysene sine og den politiske og sosiale agendaen som The Pioneer Fund har. Det er ein samanheng her og det ha vorte påvist mange gonger i kontroversane kring enkelte IQ-studier.

    Eksemplet mitt frå Richard Lewontin i min post var aktuelt nettopp i ein av dei første rundene av denne kontroversen, nemleg etter Arthur Jensens berømte artikkel frå 1969. Ein skulle tru at Jensen er ein teit fyr som ikkje kan metode, men han var professor ved University of California, Berkeley. Dette er ressursterke folk som slåss for sitt syn.