Når det nye årtet nettopp har vorte feira på tradisjonelt vis, så er det kanskje på tide med eit lite kritisk blikk på kva som kan skje i 2012 og i åra som kjem. For det kan bli dramatisk! Og innsatsen er høg: dersom ein reddar euroen vil ein risikere å miste det ein alt har av demokrati i mange EU-land og kanskje i andre europeiske land også.
Grunnlaget for dramaet ligg i eurokrisa og måten EUs toppmøte 9. desember vedtok å løyse den på. Dei sentrale aktørane er Merkel og Sarkozy (også omtala som Merkozy) og det dei vil gjere er å tvinge gjennom ein skatteunion for dei 27 medlemslanda (med unntak av Storbritannia) eller i det minste for dei 17 eurolanda. Denne endringa vil setje klare avgrensingar for kor mykje medlemslanda kan ta opp i lån og går ein utover dette vil det føre til automatiske straffetiltak. Dette høyrest vel forsåvidt fornuftig ut dersom statar hadde vore småbedrifter, men det er dei ikkje. Tvert om vil det føre til økonomisk og politisk katastrofe i Sør-Europa og Aust-Europa og framtida til ein heil generasjon vil forsvinne. Grunnen er at ein sidan 1930-talet har møtt nedgangstider med å ta opp lån og setje pengar i sving i økonomien. Dette vil kunne halde oppe aktiviteten og gjere investeringar mogleg for framtidig betaling av dei same låna. EU-landas politikk er å gjere det stikk motsette og å gjere det forbudt! Dette har alt ført til sterke nedskjeringar og depresjonstilstandar i Irland og Hellas og sterke nedgangar i levestandarden i Spania og Storbritannia. Landa i Aust-Europa og Baltikum er alt hardt råka om dei er innanfor eller utanfor eurosonen. Det vil gå lang tid før dei kjem til å kome seg på fote igjen.
Å vedta desse endringane kan truleg berre skje ved at økonomiske og politiske elitar set det gjennom på tvers av befolkningane sine interesser. At demokratiet står på spel, blei ein klar over då statsminister Papandreou ville ha folkeavstemming over den siste krisepakka for Hellas. Reaksjonane var krakilske og i finanspressa blir befolkningane i mange av EU-landa omtala som irrasjonelle. I både Italia og Hellas har teknokratar teke over styringa. Økonomisk krise og politikarar som lova for mykje førte til at det konservative Fidesz-partiet kom til makta i Ungarn. Gjennom manipulering av domstolar, grunnlov og valordning har dei tenkt å halde på den for framtida.
No har den opne motstanden mot nedskjeringane i statsbudsjetta i Hellas, Italia og Spania vore sterke, men ikkje vore sterke nok til å hindre dei. Dei har ikkje fått det same positive momentet som Occupy-rørsla i USA der aggresjonen har vorte retta i rett retning: mot finanselitane som har skapt problema. Vanskane både i USA og Europa er at ein ikkje har ei venstreside som kunne stille eit reellt alternativ til den neoliberale politikken. I staden for å orientere seg mot finanssektoren, kan ein i Europa i større grad frykte at den folkelege responsen mot nedskjeringspolitikken blir merka av populistisk agg mot minoritetsgrupper som f.eks. muslimar, sigøynarar, ikkje-vestlege innvandrarar, arbeidslause, uføretrygda utan synlege handikap, osb. Den nyliberale politikken som har vore ført sidan slutten av 1970-talet i Vest-Europa og frå 1990-talet i Aust, inneber eit samfunn der alle skal konkurrere. Konkurranse er viktigare enn å samarbeide om noko felles og det blir ein form for ‘splitt og hersk’ der grupper blir sett opp mot einannan. I ein slik konkurranse vil nokon tape og ein vanleg sosial reaksjon er å la agget sitt gå utover grupper ein oppfattar som konkurrentar. Resultatet kan vere ein politisk ustabilitet som i staden for å auke den folkelege deltakinga, kan føre til ei avdemokratisering.
Ungarn viser ein av fleire modellar for korleis ein avdemokratisering av Europa kan føregå, men også Berlusconis styringsmodell (om ein ser bort frå sex-skandalane) har sterke post-demokratiske trekk. Sentrale element var kontroll med media og populistisk forenkling av politikken. At ein gjev teknokratar makt til å halde fram kutt-politikken fører også til ei tilsløring av det politiske ved den krisa vi er inne i. Samtidig er demokratiet truga av den ‘securiseringa’ som dei europeiske landa har gått gjennom på 2000-talet der overvaking av befolkninga (til dømes Datalagringsdirektivet til EU) har vorte vanlegare og terskelen for å bli karakterisert som terrorist har vorte mykje lågare enn før (eksempel: saka mot Tarnac 10 i Frankrike). I etterkant av 22.juli i Noreg har Politiets Sikkerhetsteneste fremja forslag om å gjere det endå lettare å kriminalisere folk som ‘terroristar’. Stoltenbergs talar om å gjere Noreg meir ope og demokratisk er truleg ikkje mykje verd. Dei Nord-Europeiske landa er neppe immune mot ei bølgje av avdemokratisering.
Kva er grunnen til at vi risikerer så sterke politiske konsekvensar av ei finanskrise? EU pressar gjennom endringane i regelverkte i hovudsak fordi Merkozy vil redde fransk og tysk bank-kapital og unngå at spesielt tyske skattebetalarar tek rekninga. For ein ting som har endra seg radikalt frå tidlegare kriser er at finanskapitalen ikkje vil ta tap. Den tradisjonelle måten å ordne opp på når bankane har lånt ut for mykje pengar er at staten grip inn og erklærer bankane for konkurs og overtek styringa. Dette skjedde under bankkrisa i Noreg i 1991 der tre av dei store forretningsbankane blei nasjonaliserte og rekapitaliserte. Denne måten å gjere det på inneber at finanskapitalen må ta tap ved at ein aksepterer at lån ikkje blir innbetalte og at aksjekapitalen er tapt. Å få utlånarane til å akseptere noko tap på låna sine var ein del av strategien for å ‘redde’ Hellas sist haust, men enkelte store amerikanske långjevarar har avvist dette og trugar med å få gresk statleg eigedom ekspropriert i USA. Nasjonalisering av bankar har skjedd i få tilfelle hittil.
Dei leiande statane i EU fører såleis ein politikk som berre gagnar finanskapitalen og det medfører kutt og økonomisk nedgang for befolkninga. Dette gjeld først og fremst i ‘randsonen’ i Sør-Europa og Irland. Grunnen til denne ulikskapen er at EU-landa og eurosonen er sett saman av land som er svært ulike. Arbeidsproduktiviteten er veldig ulik mellom randsonen og dei Nord-Europeiske landa. Ta Estland som eksempel. Dei kom inn som sistemann i eurosonen så seint som 15. januar 2011 og dei har veldig lite å tilby anna enn rimeleg arbeidskraft. Dei forsøker gjere seg lekre overfor storselskap som kan vere interessert i å legge bedrifter der. Det beste dei kan vone på er å få ‘outsourca’ underleverandørar til tysk industri. I tillegg har delar av befolkninga flytta til andre land i Europa for å jobbe. Aust-Europeiske handverkarar og bussjåførar er stort sett hyggelege folk, men det må vere ein lite tenleg utviklingsveg for desse landa. I tillegg fører det til press på arbeidsløner i Nord-Europa. I perioden før 2008 var det også eit lågt rentenivå i heile eurosonen noko som førte til ei forgjelding av befolkninga og ei akutt gjeldskrise no når småforretningar går konkurs og arbeidsløysa har gått til himmels.
Naiviteten med å innføre felles peinge-eining var at dette skulle vere nok til å foreine medlemslanda og å få dei opp på same nivå. Ein skatteunion kunne i utgangspunktet ha vore etablert frå starten, men å vedta ein skatteunion for EU no vil innebere å vedta eit Tysk og Fransk politisk og økonomisk hegemoni over delar av EU. Det vil neppe gå lang tid før nasjonalistiske politikarar finn ut at dette er lite tenleg. Utviklinga i Europa er såleis inne i ein veldig kritisk fase.
Den var i bruk sist 10. september 1977 på nakken til Hamidja Djanoubi som var den siste som blei henretta i Frankrike før dødsstraff blei avskaffa i 1981.