Forbrytelse og straff

Etter forbrytelse følgjer straff. Det er den sombre røynda som møter oss på det parisiske Musée d’Orsay sin utstilling med namnet Crime et châtiment. Det første som møter ein er eit stort oppslag på veggen med teksten ‘Du skal ikkje slå i hel’ og i enden av rommet står den siste giljotinen i Frankrike.guillotine Den var i bruk sist 10. september 1977 på nakken til Hamidja Djanoubi som var den siste som blei henretta i Frankrike før dødsstraff blei avskaffa i 1981.

Nordmenn eg fortel dette til blir alltid sjokkert over at dødsstraff i Frankrike blei utført med giljotine så seint. Ein forbinder dette med Den franske revolusjonen og terroren, men giljotinen har vore standard henrettingsmåte sidan 1792. Den var då eit stort framsteg i forhold til tidlegare torturering av fangar. Alle skulle få lik straff (sjølv om dei militære var eit unntak og blei avretta ved skyting). Revolusjonsleiaren Marat propaganderte før revolusjonen om at om ein måtte bøte med livet, så måtte døden vere mjuk. Drapet på Marat er forøvrig eit eige tema på utstillinga.

Giljotinen på utstillinga bærer eit slør og det kan vise til at giljotinen blei kalla Enka. Folkeleg omtalt så er det sånn at den dødsdømte ‘kysser enka’, får ‘raud snipp’, ‘barbert hals’, ‘stikk nasen i vindauga’, ‘såg verda på tvers’ osb. Continue reading